Vindkraft i Rogaland: – Øydeleggjande hastverk frå NVE

Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

29. februar 2004 Vindkraft i Rogaland: – Øydeleggjande hastverk frå NVE

Publisert som leserinnlegg i Stavanger Aftenblad.

Av Ståle Undheim, Naturvernforbundet i Rogaland

Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) har nyleg avvist Naturvernforbundet i Rogaland sitt krav om at planlagde eller varsla vindkraftverk på Høg-Jæren og i Bjerkreim ikkje må handsamast etter energilova før det førelegg ei samla vurdering av heile det aktuelle området i Sør-Rogaland.

Naturvernforbundet i Rogaland meiner svaret frå NVE ikkje er godt nok for Rogaland, truleg heller ikkje for Norge.

Planlegging etter impulsmetoden
Grøne-sertifikat (statsstøtte for mellom anna vindkraft) blir truleg innført i Norge i løpet av år 2005 eller 2006. Skjer dette vil kjempestore vindkraftanlegg – som til dømes Høg-Jæren prosjektet – bli økonomisk lønnsamt. Dei økonomisk lyse framtidsutsiktene har skapt svært stor optimisme i vindkraftbransjen i Norge, med det resultat at det snart er planar om eit vindkraftanlegg på kvar ein eksponert haug eller hammar langs Norges vakre kyst og fjordlandskap. Sjølv om det nasjonale målet på 3 Twh produsert vindkraft innan år 2010 trygt er innan rekkevidde, skjer i dag planlegging av vindkraftanlegg etter impulsmetoden.

Først til mølla prinsippet.
Situasjonen i Rogaland er representativ for landet elles. Planlagt utbygging på Høg-Jæren syner at utbyggjar planlegg ein omfattande vindkraftpark med store negative konsekvenser og med høgt konfliktnivå, sakleg, godt argumentert og heilheitleg planlegging er ikkje blitt teke i bruk. At situasjonen er slik den er kan vi takka NVE sin manglande evne og vilje til å styre denne viktige delen av energisektoren for. Naturvernforbundet i Rogaland trur Norge i verdsmålestokk kan ut frå svært gode naturgjevne forhold bli rimeleg store innan vindkraftproduksjon. Føresetnad for seriøs og langsiktig satsing er at planlegging og ikkje minst lokalisering av vindkraftanlegg skjer etter gode overordna arealforvaltningsprosesser og innafor ramma av nasjonal og regional arealpolitikk.

Rogaland treng ein fylkesdelplan for vindkraft
Som eit rekkefølgje krav meinar Naturvernforbundet i Rogaland at større vindkraftanlegg i Rogaland ikkje må takast opp til konsesjonshandsaming etter energilova før det føreligg ein fylkedelplan for vindkraft. I denne samanhengen kjem Naturvernforbundet til å oppfordre Rogaland fylkeskommune ved fylkesordførar og fylkesvaraordførar at fylkeskommunen bør gjera følgjande:

1) «Egnethetsanalysen for vindkraft i Rogaland» må reviderast og utvidast geografisk med Bjerkreim, Lund, Gjesdal, Sandnes etc.

2) Det blir utarbeida ein fylkesdelplan for vindkraft utbygging i Rogaland ut frå revidert «egnethetsanalyse».

3) Rogaland fylkeskommune gjer framlegg overfor NVE, Olje- og energidepartementet og miljøverndepartementet å utsetje handsaminga av vindkraftanlegg etter energilova i Rogaland inntil fylkesdelplanen for vindkraft føreligg.

Planfylket Rogaland
Ein fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland vil passe godt inn i rekka av nyttige fylkesdelplanar til planfylket Rogaland. Naturvernforbundet i Rogaland minner om at Rogaland fylkeskommune i mange samanhengar har hausta heider og ære både internasjonalt og nasjonalt for god og samordna arealplanlegging, anten det gjeld næring, kultur, natur, friluftsliv, kystsone, jordbruk, samferdsel, eller bustadutbygging. Kanskje landet elles skal sjå til Rogaland som eit føregangsfylke på overordna planlegging for vindkraft også ?

Relaterte saker:

Les brevet sendt til NVE

Samlet plan for vindmøller (NRK)

-Vindmøller må utsettes (NRK)

NVE avviser samlet plan for vindmøller (Stavanger Aftenblad)

Det stig av hav eit vindmølleland

Naturvernforbundet i Rogaland vil frarå utbygger å videreføre vindmølleprosjektet på Høg-Jæren

Myrsnipa stoppar vindmøller (NRK Rogaland)

Motvind for Jær-møller (Stavanger Aftenblad)

Fylkesrådmannen frarår vindmøllepark (Stavanger Aftenblad)

Flere vindmøller til Jæren (TV Vest)

Norges Naturvernforbundets syn på vindkraft

Norsk Vind Energi as