Stopp Fræna havørnhakkematlaboratorium!
- Det er utidig oppførsel av Statkraft Development å sende ein ny søknad om utbygging av Fræna vindpark. Dette er berre eigna til å hefte bort både den eine og den andre med å skrive fråsegner og anna arbeid for å stoppe galskapen. Naturvernforbundet er svært negative til planane.


Av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
10.10.2006



Havørnmat.

Foto: Tore Killingland

 



I uttalen til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) peiker Naturvernforbundet også på at havørnhakkematlaboratoriet på Smøla er tilstrekkeleg til å kunne forske ut korleis vindmøller tar livet av ein havørnbestand. Naturvernforbundet kan ikkje sjå at Statkraft eller nokon annan har bruk for ytterlegare eit laboratorium for å finne ut dette.

Så lenge berghyllene i Skaltenområdet finst og likeeins at det kan finnast havørnmat iHustadvikaområdet, vil det vere potensiell konflikt mellom havørn og vindmøller i omsøkte område. Tabben som blei gjort på Smøla med omsyn til havørn skjedde til tross for at problemstillinga var kjent på førehand. Det er meir enn ille nok. Å gjere same type tabbe ein gong til er idiotisk og bør kunne straffast, meiner Naturvernforbundet, som har ein klar konklusjon:

Dette vindkraftprosjektet skal ikkje byggast.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon.


Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen


Les heile uttalen frå Naturvernforbundet til NVE (Fraasegn_til_versjon_3_av_Fraena_vindpark.pdf, 20 Kb)
Les uttalen frå Hustadvikas venner (Fraena_3_Hustadvikas_venner.pdf, 21 Kb)
Invitasjon til folkemøte 17. oktober 2006 (0193_001.pdf, 495 Kb)



NVE sine sider om Fræna vindpark


Naturvernforbundet: Nei til vindpark i Fræna
Uttale frå mars 2005.


Naturvernforbundet oppmodar Møre og Romsdal fylke om å ta grep i vindkraftdebatten
Møre og Romsdal fylke må snøggast råd varsle oppstart i arbeidet med ein fylkesdelplan for vindkraft i fylket vårt. Samstundes må fylket be NVE om å ”fryse” konsesjonsbehandlinga for vindkraftanlegga til fylkesdelplanen er på plass. Dette er nødvendig for å sikre at ei eventuell utbygging av vindkraft i Møre og Romsdal blir gjort på dei rette stadane med så små miljøkonsekvensar som råd.

Ny søknad om utbygging (Fraena_ny_soknad.pdf, 13046 Kb)
Tilleggsutredninger (Fraena_tilleggsutredning.pdf, 11629 Kb)
Krav om tilleggsutredninger (Fraena_tilleggsutredningskrav.pdf, 35 Kb)
Anmodning om endret utbyggingsløsning (Fraena_anmodning_om_endret_utbyggingslosning.pdf, 48 Kb)
Utredningsprogram (Fraena_utredningsprogram.pdf, 97 Kb)
Søknad om konsesjon (Fraena_soknda.pdf, 8736 Kb)

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no