Naturvernforbundet seier førebels nei til Havsul
Naturvernforbundet ser på konsekvensutgreiinga for Havsul I, II og IV som klarleggande: Manglande samla plan for vindmølleutbygging og manglande forsking på verknader på fugl gjer at utbygging ikkje kan finne stad. Forsking kan føre til at utbygging på eit seinare tidspunkt kanskje kan vere mogleg, tilpassa resultat av ny forsking, men denne moglegheita vil bli øydelagt om det blir bygd ut no.


Av Øystein Folden
22.05.2006





Naturvernforbundet sine merknader er kort oppsummert:

1) Vi treng ein samordna plan for vindkraft i Møre og Romsdal for å få miljømessig betre grunnlag for å byggje.

2) Vi har for lite kunnskap om konsekvensane for fugl av vindkraftutbygginga. Det er nødvendig med tilleggsutgreiingar over tid.

3) Planane er i for stor grad på forsøksstadiet, noko området er lite eigna for.

4) Naturvernforbundet har konkrete forslag til reduksjonar i alle tre områda, når det gjeld Havsul IV er stort sett heile området i strid med verneplanen for sjøfugl.

5) Det er nødvendig med tilleggsutgreiingar på nokre felt når det gjeld kraftlinene til og frå dei tre felta.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid


Les uttalen frå Naturvernforbundet (Fraasegn_KU.pdf, 128 Kb)
Oppgåve ved Universitetet i Oslo om Havsul og konfliktane knytt til det (Microsoft_Word_-_Incorporating_windpower_into_the_Norwegian_Energy_System.pdf, 1783 Kb)
Eiendomstilhøva for Havsul IV - brev frå Statskog SF (Vindkraftprosjektet_Havsul_IV_i_Statens_ytre_allmenning_i_Eide_og_Averoy_kommune_, 0 Kb)
Eigedomstilhøva for Havsul IV - vedlegg til brev frå Statskog SF (Vindkraftprosjektet_Havsul_IV_i_Statens_ytre_allmenning_i_Eide_og_Averoy_kommune_, 0 Kb)
Eigedomstilhøva for Havsul IV - vedlegg til brev frå Statskog SF (Vindkraftprosjektet_Havsul_IV_i_Statens_ytre_allmenning_i_Eide_og_Averoy_kommune_, 0 Kb)
Eigedomstilhøva for Havsul IV - vedlegg til brev frå Statskog SF (Vindkraftprosjektet_Havsul_IV_i_Statens_ytre_allmenning_i_Eide_og_Averoy_kommune_, 0 Kb)
Opprop i samband med behandlinga i Sandøy kommune (Sandoy_Havsul.pdf, 4090 Kb)
Uttale frå DNT (DNT_Havgul.pdf, 28 Kb)


Naturvernforbundet til fylket si handsaming av verneplan for sjøfugl: Knefall
Verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal er til behandling.


Kan vindkraft og naturvern gå ihop?
Innleiinga til Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på vindkraftdebatt i Molde 27. februar 2006.


Møre og Romsdal treng ein samla plan for vindkraft!
I Møre og Romsdal ligg no sju vindkraftprosjekt til behandling. Dette gir fylket eit eineståande høve til å sjå vurderingane av desse prosjekta i samanheng. Naturvernforbundet krev difor at fylket no utarbeider ein plan for vindkraft som kan ligge til grunn for konsesjonsbehandlinga for dei enkelte søknadene som no er fremja.


Havsul må vente på regional plan
Naturvernforbundet i Ålesund og omegn vil ikkje kunne gå inn for utbygging av Havsul-prosjektet slik det føreligg i meldingane.


Lang liste med krav til Havsul-utgreiingar
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ønskjer primært ein plan for vindkraftutbyggingar før Havsul blir behandla vidare. Elles presenterer leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden ei lang liste med utgreiingskrav.

Ålesund formannskap om Havsul (alesund_fskap_havsul.pdf, 138 Kb)
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane om tematiske konfliktvurderingar (Tematiske_konfliktvurderingar_for_vindkraft_17.4.06.pdf, 84 Kb)


Norges Naturvernforbund om tematiske konfliktvurderinger for vindkraft
Norges vassdrags- og energidirektorat har hatt ute på høring et forslag til metodikk ved vurdering av konflikter i forbindelses med utbygging av vindkraftanlegg. Norges Naturvernforbund ser positivt på en utbygging av vindkraft, men det er avgjørende at den ikke skjer på bekostning av sentrale natur- og miljøverdier.


ZERO vil ha tilleggsutredninger om Havsul
ZERO er i utgangspunktet positive til utbygging av deler av vindkraftprosjektet Havsul på Mørekysten. Men det er usikkerhet om parkenes påvirkning på sårbare arter som alkefugl, blant annet lomvi, da anleggene planlegges i viktige næringssøkområder for disse artene. Derfor trengs nærmere undersøkelser om alternative næringsområder for fugl, samt kunnskap om deres påvirkning av møllene. Det bør settes opp testmøller i planområdet for å høste erfaringer med konsekvensene for fugl. Et slikt prosjekt bør energi- og miljømyndighetene være med å finansiere.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no