Naturvernforbundet om Haram vindkraftverk: Utgreiingane held ikkje mål!
Naturvernforbundet har sett på søknaden om konsesjon for Haram vindkraftverk på Flemsøya og Haramsøya. To av alternativa er uansett uakseptable, meiner Naturvernforbundet. Det siste alternativet er ikkje godt nok utgreidd til at det er mogleg å ta stilling til det.


Av Øystein Folden
01.02.2006



Foto: Jan Helge Rambjør


- For Naturvernforbundet er det viktig å få sett dette prosjektet i samanheng med dei andre prosjekta som er lanserte i fylket, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Haram vindkraftverk har lansert tre alternativ i søknaden:

Alternativ 1 utan vindmøller på Flemsøya, løyser problemet knytt til Flemsøya, men verknadene med anlegget på Haramsøya er ikkje akseptabelt, verken for folk eller fugl. Det var for mange møller i den første plana, og det er no ei auke som gjer det endå verre.

Alternativ 2 med 4 vindmøller på Flemsøya, løyser ikkje problemet med påverknaden av Flemsøya i tilstrekkeleg grad. Sjølv om noko av problemstillinga på Haramsøya er løyst, er problema knytt til fugl framleis svært store.

Alternativ 3 utan vindmøller på Flemsøya og færre, men større møller på Haramsøya ser ut til å vere eit alternativ som kan redusere noko på dei negative verknadene, men det er like fullt svært konfliktfylt med omsyn til fugl.

I høringsuttalen konkluderer Naturvernforbundet i Møre og Romsdal slik:

Dei tilleggsutgreidde alternativa 1 og 2 er uakseptable.

Det tilleggsutgreidde alternativ 3 er det minst konfliktfylte av alternativa, men det manglar framleis dokumentasjon for verknaden på fleire område:

- påverknaden på havørn

- påverknaden på vandrefalk

- påverknaden på toppskarv

- visualisering av alternativet med 120 m vingespenn/4,5 MW turbin

Alternativ 3 er ikkje tilfredsstillande utgreidd og følgjeleg ikkje akseptabelt.

Kraftlinealternativet har framleis for stor negativ konsekvens. Det synest som om det er rom for eit alternativ med sjøkabel frå Alvestad/Hildrestranda til rett nord for Austnes som må utgreiiast.

For meir informasjon: Kontakt Øystein Folden på 91 81 25 42.

Informasjon frå NVE om Haram vindkraftverk:

HARAM

Tiltakshaver HARAM KRAFT AS
Fylke MØRE OG ROMSDAL
Kommune HARAM
Ytelse 66 MW
Årsproduksjon 200 GWh
Antall møller 24 stk
Saksnummer i NVE   200202714
Status Konsesjon er søkt

NVE har mottatt konsesjonssøknad og konsekvensutredning for Haram vindpark og for en 132 kV kraftledning fra vindparken til Alvestad.
Haram Kraft AS har søkt om å bygge og drive en vindpark med inntil 33
vindturbiner og en installert effekt på 66 MW. Vindparken er tenkt lokalisert
på Haramsøya og Flemsøya. Vindturbinene vil kunne få en totalhøyde på inntil 135 meter, og vil hver kunne ha en installert effekt på 2 til 3 MW.

Nettilknytning:
Tafjord Kraftnett AS søker om konsesjon for å bygge og drive en 22 kV
kraftledning fra vindparken på Flemsøya til ny transformatorstasjon i
vindparken på Haramsøya, samt en 132 kV kraftledning fra ny transformatorstasjon på Haramsøya til Alvestad transformatorstasjon. Den
omsøkte nettløsningen består både luftledning, jordkabel og sjøkabel.

NVE holdt offentlig møte om saken på Haramsøy skole tirsdag 25. januar 2005 kl 1900. Fristen for å komme med merknader til søknaden
og konsekvensutredningen var satt til 18. mars 2005.

NVE ba i brev av 2. juni 2005 om tilleggsutredninger i saken. Haram Kraft AS
oversendte tilleggsutredningen 9. desember 2005. Tilleggsutredningen ble sendt på høring 14. desember 2005, og eventuelle merknader til denne må sendes NVE innen 31. januar 2006

Norges vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091 Majorstua
0301 OSLO

Relevante dokumenter:

Tilleggsutredning

Krav om tilleggsutredning

Søknad

Utredningsprogram

Les uttalen frå Naturvernforbundet til NVE (Uttale_til_Haram_vindkraftverk_-_tilleggsutgreidd.pdf, 106 Kb)
Kommentarar frå Haram kommunestyre og Havgul 1. februar 2006 (Sunnmorsposten_1._februar_2006.pdf, 490 Kb)


Naturvernforbundet vil ikkje ha vindmøller på Flemsøya
Uttale frå mars 2005.


Vindmøller i hytt og pine?


Møre og Romsdal treng ein samla plan for vindkraft!


Ja, dette er ein viktig sak. Eg vil bli medlem


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør med vindkraft


Norges Naturvernforbunds syn på vindkraft

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no