Naturvernforbundet med krav om regional plan for vindkraft
Det går no eit felles brev til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim frå Naturvernforbunda i Møre og Romsdal, Sør Trøndelag og Nord Trøndelag. Naturvernforbundet ber om at Miljøverndepartementet grip inn og gjev pålegg om at det blir utvikla ein felles, regional plan for vindkraft og at vidare behandling av vindkraftanlegg i regionen blir stilt i bero inntil det er utvikla ein slik plan.


Av Naturvernforbundet i Midt-Noreg
03.01.2008



Foto: Kristin Kværnsveen, Norges Naturvernforbund


Både naturmessig, teknisk i forhold til utbygging av vindkraft og sett i samanheng med at regionen er i "same båt" når det gjeld energiforsyning er det svært naturleg å sjå vindkraftutbyggingane i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal i samanheng. Naturvernforbundet i dei tre fylka har tidlegare samarbeidd om å presentere løysingar når det gjeld kraftforsyninga i Midt-Noreg.

Naturvernforbundet har samanstilt planlagte vindkraftanlegg i ein eigen oversikt saman med brevet til miljø- og utviklingsministeren. Nesten alle vindkraftanlegga er foreslått plasserte i inngrepsfrie naturområde, noko som er i ferd med å bli sjeldent langs kysten av Midt Noreg, og som det difor er spesielt viktig å ta vare på. Vindkraftplanane som er kjente vil gi eit direkte tap av 550 km2 inngrepsfritt naturområde. I tillegg kjem det som går tapt ved framføring av kraftliner for å kople anlegga til sentralnettet. Stortinget ønskjer å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010, då må tapet av inngrepsfrie område stoppast.

Sør Trøndelag fylkeskommune arbeider med å få på plass ein fylkesdelplan for vindkraft, og ønskjer at planen skal vera regional. Problemet er at foreløpig ønskjer verken Nord-Trøndelag eller Møre og Romsdal å delta i utviklinga av ein slik regional, forpliktande plan for vindkraft.

Naturvernforbundet ber difor Miljøverndepartementet påleggje fylkeskommunane / fylkesmennene i Midt Noreg å utvikla ein felles, regional fylkesdelplan for vindkraft for heile Midt Noreg.

Naturvernforbundet ber også om at vidare behandling av vindkraftanlegg med tilhøyrande kraftliner i regionen blir stilt i bero i påvente av ein regional plan for vindkraft.

Kontaktpersonane i Naturvernforbundet er:

Øystein Folden
Leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Telefon 91 81 25 42
 
Per Flatberg
Leiar av Naturvernforbundet i Nord Trøndelag
Telefon 90 51 50 46
 
Mads Løkeland
Leiar av Naturvernforbundet i Sør Trøndelag
Telefon 95056726


Brevet til Miljøverndepartementet (Brev_med_krav_om_regional_plan.pdf, 496 Kb)
Tap av inngrepsfrie område i Midt-Noreg på grunn av vindkraft (Tap_av_inngrepsfrie_omraade_i_Midt_Noreg.pdf, 327 Kb)
Fråsegn frå Naturvernforbundet til fylkesdelplan for Sør-Trøndelag (Naturvernforbundet_i_Sor_Trondelag_-_hoyring_fylkesdelplan_25-august-2008.pdf, 207 Kb)
Fylkesmannen henstiller Norges vassdrags- og energidirektorat om å forbedre utredningsprogrammene (Vindkraft_utredningsprogram_fra_FM_til_NVE.pdf, 29 Kb)
Svar frå NVE til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag om utredning av vindkraftsaker (Vindkraft_utredningsprogram_svar_NVE_til_FM_(2).pdf, 227 Kb)


Kraftsituasjonen i Midt-Norge: Her er løsningen, Haga
- Naturvernforbundet ønsker ikke bare å kritisere andres forslag, vi vil også ta ansvar for å foreslå mer miljøvennlige energiløsninger for Midt-Norge. Dette sier fylkeslederne i Naturvernforbundet i Midt-Norge i forbindelse med at de dokumenterer hvordan energisparing kan være løsningen på den anstrengte kraftforsyninga i Midt-Norge.


Utfordringer for vindkraft som miljøvennlig energikilde
Dette var tittelelen på foredraget Øystein Solevåg fra Naturvernforbundet i Møre og Romsdal holdt på Vindkraftkonferansen i Kristiansund 28. oktober 2007.


Naturvernforbundet om fylkesvise planar for vindkraft: Godt forslag frå regjeringa
- Naturvernforbundet meiner det er nødvendig med vidare utvikling av fornybare energikjelder, men det må stillast same strenge krav til natur- og miljøhensyn i slike saker som i andre utbyggingssaker, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. - Det at Møre og Romsdal fylke før jul vedtok å ikkje lage fylkesdelplan for vindkraft viser berre at alle festtalane om einskapsfylket som regional utviklingsaktør er tomprat.


Naturvernforbundet oppmodar Møre og Romsdal fylke om å ta grep i vindkraftdebatten
Møre og Romsdal fylke må snøggast råd varsle oppstart i arbeidet med ein fylkesdelplan for vindkraft i fylket vårt. Samstundes må fylket be NVE om å ”fryse” konsesjonsbehandlinga for vindkraftanlegga til fylkesdelplanen er på plass. Dette er nødvendig for å sikre at ei eventuell utbygging av vindkraft i Møre og Romsdal blir gjort på dei rette stadane med så små miljøkonsekvensar som råd.


Kan vindkraft og naturvern gå ihop?
Innleiinga til Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på vindkraftdebatt i Molde 27. februar 2006.


Møre og Romsdal treng ein samla plan for vindkraft!
I Møre og Romsdal ligg no sju vindkraftprosjekt til behandling. Dette gir fylket eit eineståande høve til å sjå vurderingane av desse prosjekta i samanheng. Naturvernforbundet krev difor at fylket no utarbeider ein plan for vindkraft som kan ligge til grunn for konsesjonsbehandlinga for dei enkelte søknadene som no er fremja.


Vindmøller i hytt og pine?
Naturvernforbundet har lenge arbeidd for å få til utbygging av nye fornybare energikjelder som vindkraft. Vi ønskjer at vindkraft i framtida skal ha ei viktig rolle i energiforsyninga i Europa. For at dette skal vere mogleg må vi planlegge utbygginga på ein måte som gjer at inngrepa ikkje blir for store.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no