Havenergiseminar: Olje- og gassnæringa er ei solnedgangsnæring
- Midt-Noreg må satse på energisparing og på fornybar energiproduksjon. Å legge til rette for bruk av meir fossil energi no er ei feilinvestering vi og verda vil måtte slite med i lang tid framover, sa Øystein Solevåg i Naturvernforbundet på dagseminaret til Energiregion Møre i dag.


Av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
01.11.2007



Øystein Solevåg ved planlagt vasskraftutbygging i Erga i Sunndal.

Foto: Naturvernforbundet



Energiregion Møre arrangerte seminaret ”Havenergi – framtidas energikjelde” i Kristiansund 1. november 2007. Her fekk Øystein Solevåg frå Naturvernforbundet orientere om den nye rapporten Naturvernforbundet har gitt ut om energisituasjonen i Midt-Noreg.

Naturvernforbundet har i rapporten laga eit samandrag av aktuelle sluttbrukartiltak for energieffektivisering og av tiltak for auka produksjon av fornybar energi i Midt-Noreg. Rapporten viser at potensialet er stort. Styresmaktene må leggje til rette for å få realisert potensialet ved å gjøre Midt-Noreg til eit satsingsområde for klimavenlege energiløysingar, meiner Naturvernforbundet.

Naturvernforbundets hovudbodskap i rapporten er:

  • Dei tre fylka i Midt-Noreg er ”i same båt” energimessig, Møre og Romsdal er ikkje isolert. Det tyder at ein kWh spart på Steinkjer også er nyttig for Møre og Romsdal.
  • Kraftsituasjonen i Midt-Norge er betre enn det tidligere har vore rapportert. Kraftlinja frå Fardal til Ørskog er ikkje nødvendig.
  • Olje- og energidepartementet må sikre at det blir laga ein heilskapleg plan for miljøvennleg handtering av energisituasjonen i Midt-Noreg. Dette må vere ein plan som i hovudsak ser på sluttbrukartiltak innan energieffektivisering.
  • Regulering av vannkraftmagasina må brukast for å unngå bruk av mobile gasskraftverk som reserveløysing i situasjonar med dårleg krafttilgang.
  • Tal for normalår, både på forbrukssida og på produksjonssida, må oppdaterast til å gi eit meir realistisk bilde av kraftsituasjonen i Noreg. Noreg har i gjennomsnitt vore ein krafteksportør dei siste 7 åra.

Solevåg streka i sitt innlegg sterkt under at dei investeringane som blir gjort i energisektoren i dag er investeringar vi må kunne forsvare i eit tjue- og trettiårsperspektiv. – Difor er olje- og gassnæringa ei solnedgangsnæring, sa Solevåg som avslutta med ein apell: – Steinalderen slutta ikkje av mangel på stein, men av di menneska utvikla nye og betre løysingar som gjorde at folk på jorda fekk det betre. Fossil energi-alderen sluttar ikkje på grunn av mangel på hydrokarbonar. Fossil energi-alderen sluttar av di menneska utviklar nye og betre løysingar som gjør at folk på jorda får det betre.

Øystein Solevåg i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 40 23 47 05.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar


Foredraget til Øystein Solevåg (200711101_Midt-Noreg.pdf, 810 Kb)
Les rapporten: Kraftsituasjonen i Midt-Norge. Sammendrag av energifrigjøringsmuligheter. (Midt-Norge_rapport.pdf, 424 Kb)


Havenergi - framtidas energikjelde?
Invitasjon til seminar i Kristiansund 1. november 2007 i regi av Energiregion Møre. Foredraga frå seminaret vil også havne på nett.


Utfordringer for vindkraft som miljøvennlig energikilde
Dette var tittelelen på foredraget Øystein Solevåg fra Naturvernforbundet i Møre og Romsdal holdt på Vindkraftkonferansen i Kristiansund 28. oktober 2007.


Kraftsituasjonen i Midt-Norge: Her er løsningen, Haga
- Naturvernforbundet ønsker ikke bare å kritisere andres forslag, vi vil også ta ansvar for å foreslå mer miljøvennlige energiløsninger for Midt-Norge. Dette sier fylkeslederne i Naturvernforbundet i Midt-Norge i forbindelse med at de dokumenterer hvordan energisparing kan være løsningen på den anstrengte kraftforsyninga i Midt-Norge.


Norges største kraftverk - i Møre og Romsdal

Fylkesplanar som strategiske konsekvensutgreiingar– eit verktøy for betre samfunnsplanlegging

Øystein Solevåg i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal spar oljesøl på WWFs oljevernkurs på Aukra i september 2006.

Foto: Nina Jensen, WWF



Artikkel i KU-bulletin.
25.11.2007 - Øystein Solevåg
Les meir




Konsekvensutredninger og helse

Øystein Solevåg ved planlagt dam i Erga


Artikkel av Øystein Solevåg i KU-bulletin nr. 2 - 2000
25.11.2007 - Øystein Solevåg
Les meir




Rapport fra seminar i Johannesburg i 2002 om konsekvensutredninger og bærekraftig utvikling



Rapport fra IAIA-konferanse i Johannesburg: ”Impact Assessment, Sustainable Development and Capacity Building”.
25.11.2007 - Øystein Solevåg
Les meir

Strategi for utvikling og forvaltning av energiressursene i M&R - prosjektforslag (Knudtzon_senteret_as.pdf, 2889 Kb)
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no